Bilverkstad – teknologi og design

Design din eigen bil. Korleis skal ein få hjula til å sviva rundt? Går lange, korte, store eller små bilar best? Klarer du finna på nye gode praktiske løysningar? Her er det ingen fasit… De har løysingane!

Kort om opplegget:

Design din egen bil:

  • Tyngdebil
  • Ballongbil

Me nyttar enkle materiale for å bygga bilane, og har sjølvsagt ei testkjøring til slutt for å sjå om dei eigendesigna bilane er kjørbare.

Frå fagfornyinga:

Naturfag, etter 2. trinn:

  • presentere egne ideer til teknologiske oppfinnelser

Naturfag, etter 4. trinn:

  • designe og lage et produkt basert på en kravspesifikasjon

Varigheit: 

1 time ( 20 elever)

Kan bestillast: 

Veke 4 – 48

Pris: 

20 kr per elev

Send førespurnad