Bier og honning

Kva gjer at bier og andre polinerande insekt er så viktige for oss?

Kva skjer inni ei bikube, og korleis lagar biene honning?

Kva er forskjellen på dronninga, arbeidsbiene og dronane?

Korleis ser ein forskjell på bier, humler, blomsterfluger og kveps?

Kva er pollinering, og kvifor er pollinerande insekt viktige for menneske, dyr og plantar?

Kort om opplegget

Me kikkar i observasjonskuba inne på museet – klarer me å finna dronninga, arbeidsbier, pollen og honning?

Me undersøker bier, humler og andre insekt med lupe og mikroskop.

Me prøver birøktardrakt og smakar på honning.

Kva kan me læra?

  • oppleva og utforska naturen og mangfaldet i naturen
  • kunnskap om bier og andre pollinerande insekt
  • innsikt i pollinering og korleis biene lagar honning
  • innsikt i kvar maten kjem frå og vegen frå natur til måltid
  • ei gryande forståing for kvifor pollinerande insekt er viktige, og korleis me kan ta vare på naturen

Alder: 3-6år

Varigheit: 45-60min

Kan bestillast: Heile året

  • Me besøk ikkje bikuba ute i dette opplegget.

 

Send førespurnad