Bier og andre pollinerande insekt sin plass i økosystemet

Biene har ei særstilling i det økologiske kretsløpet. Dei fører og spreiar det genetiske plantematerialet vidare år etter år, og det moderne menneske har gjort seg så avhengige av biene at dei i dag står for ca 75 % av pollineringa av våre kulturplanter.

Kort om opplegget:

  • Biene sin plass i økosystemet
  • Samspelet i økosystemet, insekt / planter.
  • Kva meiner ein med ”rødlistearter”?
  • Korleis påverkar menneske samspelet i naturen?
  • Kva er monokultur, og kva innverknad har det på økosystemet?
  • Dersom vêr og tidspunkt passar kan dei som ynskjer få seg ein tur ut i bikuba.

Gjennomføring: Førelesing, vitensentereksperimenta og tur i bigarden dersom det er ønskeleg.

 

Frå fagfornyinga:

Naturfag skal bidra til at elevane får naturopplevingar og eit fagleg grunnlag for å verne om naturressursar, bevare biologisk mangfald og bidra til ei berekraftig utvikling. Med naturfagleg språk og metodar, praksis og tenkjemåte, vil elevane få grunnlag for å forstå korleis ein nyttar og utviklar naturfagleg kunnskap.

Naturfag skal bidra til undring, nysgjerrigheit, skaparglede, engasjement og nytenking hos elevane ved at dei får arbeide praktisk og utforskande med faget. Elevane skal få innsikt i korleis menneske sitt levesett og handlingar påverkar livet på jorda. Naturen har ein eigenverdi som uavhenig av menneske si bruk og påvirkning, og naturfagleg kunnskap kan bidra til at naturen forvaltes på ein forsvarleg måte.

Studiespesialisering vg1:

  • gjere greie for korleis klimaendringar påvirkar evolusjon, utbreiing av artar og biologisk mangfald

 

Varigheit: 

2 – 3 timar

Kan bestillast: 

Veke 14 – 44

Praktisk informasjon: 

NB! Bukse, genser og støvlar dersom ein skal ut i bikuba.

Pris:

30 kr pr elev og 300 kr pr time formidling

Send førespurnad