Programmering for dei yngste

Ver med og lær telling, måling, estimering, fargar og former med roboten Bee-bot. Bee-bot er ein liten bie-robot med pilknappar på ryggen som elevane skal programmera til å køyra der dei vil. Høgre, venstre, fram og bak. Klarar me køyra til den gule trekanten og heilt tilbake til start?

 

Kort om opplegget:

  • Kort innleiing og forklaring på korleis elevane skal styre bee-boten.
  • Elevane prøver dei ulike oppgåvene som bee-boten skal utføre. Her er det både mange frie oppgåver og spel.
  • Kanskje kan me lage ein bee-bot-dans?

 

Passar best for 1.trinn

 

Frå fagfornyinga:

Matematikk (2.trinn):

  • ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar
  • utforske tal, mengder og teljing i leik
  • eksperimentere med teljing både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og beskrive mønster i teljingane
  • lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel

 

Varigheit:

Ca 45 min, maks 24 elevar.

 

Kan bestillast:

Heile året

 

Pris:

gratis

 

Send førespurnad