Korleis ser auga ut inni? Elevane blir kjend med auga vårt gjennom ulike småoppgåver og ved dissekering av eit kuauge. Elevane får arbeida i par og dissekerer sjølv.
Kort om opplegget:
- Linsa, korleis ser den ut?
- Den blinde flekken, erfar den og sjå den
- Kva er det som gjer at auga er rundt?
- Korleis virker pupillen?
- Kva er eigentleg netthinna?
Frå fagfornyinga:
Biologi – fagfornyinga er ikkje klar, frå høringsutkastet:
Kjernelement – Evolusjonære prosessar og biologisk mangfald
- Elevane skal utvikle innsikt i anatomien og fysiologien til organismar
Bio1
- Gjere greie for prinsipp for stoffopptak, transport, kommunikasjon og ekskresjon hos mennesket og forklare samanhengen mellom anatomi og fysiologi
Varighet:
1 t 15 min pr 30 elevar
Kan bestilas:
Heile året
Pris:
30 kr pr elev og 300 kr pr time formidling