Vitengarden er ein populær stad for å halda bryllaup. Bygningen er stor og lys, med eit flott uteområde.

Eit bryllaup på Vitengarden gir deg fridom til å gjera dagen til den du ønsker– anten du ønsker ei formell og høgtideleg feiring eller eit noko meir uformelt preg på det heile. Ønsker de å dekka og pynta bord sjølv, så er dette mogleg. Dekking kan òg bestillast av dei som leverer maten. Vitengarden vert leigd ut med dekketøy til 140 stk, men de er velkomne til å ta med eige utstyr. For inspirasjon til bryllaup på Vitengarden, les blogg (rustikk) og  bloggen (50-talls).

Servering

Vitengarden har eigen kokk som kan servera opp til 130 gjester. Er det fleire enn dette, samarbeider Vitengarden med fleire cateringfirma som har lang erfaring og har servert dei mest smakfulle rettane. Maten bestiller du direkte hjå dei – eller de kan velja andre til å stå for serveringa om de ønsker det. Ved bestilling gir du beskjed om de ønsker dei skal dekka bord og stå for serveringa, eller om de har eigne folk som gjer dette. De er velkomne til å ta med eigne drikkevarer. Kafe Jærbuen, telefon 51 43 38 17 Farstad Catering www.farstad-catering.no Jærkokken Heine Grov  www.jarkokken.no

Lurer du på noko eller vil reservere dato? Fyll ut skjemaet nedanfor.

Ver ute i god tid, dei mest populære datoane går først.