Batlam – vår nyaste attraksjon

Batlam er superhelten på Vitengarden

2. påskedag vart det født eit heilt spesielt lam på Vitengarden. Lammet, som er av rasen Gammal norsk spælsau, vart født med heilt to like flekkar rundt augene.

Batlam

Eigarane av lammet, Hege Vigre og Eirik Kristian Hobberstad, tok eit bilete med ei gong og la det ut på Facebook sida «Venner av norsk landbruk». Responsen var enorm, og det kom inn mange gode namneforslag. Eigaren var likevel aldri i tvil, namnet på lammet måtte jo bli Batlam.

På få dagar har Batlam blitt ein attraksjon på Vitengarden, og på sosiale medier. Den har blant anna òg vore i Stavanger Aftenblad, VG og i danske MetroXpress – og er nøgd med kjendislivet.

Mora til Batlam, Guri, fekk eit til lam. Det har sjølvsagt fått namnet Robin.

Sauene på Vitengarden er på Kvia 4H-gard. Her kan du oppleva eit gardsmiljø frå 1950-talet, med dei husdyra som var vanlege på Jæren på dei tida.

Batlam går saman med resten av familien ute på beitet, og alle som vil kan få koma og sjå både han og resten av dei nyfødte på garden.