Audamotlandsgarden

Audamotland er nabogarden til Kvia. Jærmuseet eig det gamle tunet og bygningane, medan utmarka og delar av innmarka tilhøyrer det statlege Hanabergmarka kulturminne- og friluftsområde. Garden er open etter avtale, og vert også mykje brukt i undervisning.

På Audamotland kan ein ennå sjå den gamle jærske gardsstrukturen. Tunet slik det ligg i dag er frå slutten av 1700-talet. Frå tunet kan ein følga den gamle geilen eller fegata gjennom innmarka og ut i utmarka. Og «markagarden» som skilde mellom innmarka og utmarka er framleis intakt. Heimehuset er flytta og påbygd i fleire omgangar. Den eldste delen av driftsbygningen skal vera frå siste halvdel av 1800-talet. Også løa påbygd seinare.

Jærmuseet fekk overført det gamle tunet på Audamotland i 1995, i samband med innløysinga av Hanabergmarka kulturminne- og friluftsområde.

«Audamotland»
I følgje historikaren Birger Lindanger heitte garden opphavleg «Øksnamotland». Men etter svartedauden i 1349 blei garden liggjande øyde, og fekk namnet Audamotland (Ødemotland). (Birger Lindanger, Då Øksna-Motland Låg Øyde, Sjå Jæren 1995). Garden blei truleg busett på ny kring 1600.

I matrikkelen frå 1723 er det oppgitt at det var to husmannsplassar på Audamotland: «Høneland» og «Wed Tiønen». Høneland blei skilt ut som eige bruk i 1873. Husmannsplassen ved Audamotlandstjørna blei fråflytta, men det er framleis råd å finna tuftene etter bygningane og åkerteigen kring tunet. I 1873 blei også bnr. 2 skilt ut frå hovudbruket, og det gamle heimehuset her er flott restaurert og i bruk av nåverande eigar.

Heimehuset og tunet
Det opphavlege tunet på Audamotland låg nærare tjørna. Då den eine småguten (Ola) drukna i brunnen i 1792, flytta familien heimehuset nokre hundre meter lengre vest, der det står i dag. I følge munnleg tradisjon skal dette huset i dag vera eit av dei eldste husa på Jæren. Den søre stova, «bua», er eldst og tømmeret her har tydlege flyttmerke. I buakammerset er årstalet 1654 skore inn i ein takbjelke, og ut frå tømmer og lafting kan bua godt vera frå 1600-talet. Den eine veggen på loftet er òg bygd av eldre tømmer, og her finn me fleire døme på at dei har nytta såkalla «skjepaplank» eller skipstømmer. Den andre stova er truleg frå midten av 1800-talet. I 1908 blei den nordre skuten riven, og det blei bygd til ei «folgestove».

Fortidsminneforeningen i Rogaland fatta interesse for heimehuset før Jærmuseet blei etablert, og dei målte det opp i 1985.