Årets grønsaker, kjemi i dei?

Jærmuseet si avdeling på Nærbø, Vitengarden, ligg bokstaveleg talt midt i matfatet på Jæren. Hå kommune er den største landbrukskommunen i landet, og halvparten av arealet i kommunen er nytta til jordbruksformål. På gardane rundt Vitengarden vert det dyrka dei fleste norske grønsakene.

Sundag 9. oktober kjem bøndene til Vitengarden og fyller vitensenteret opp med årets, jærske grønsaker. Bøndene er på plass og deler sin kunnskap om råvarene. Det vil vera muligheit til å kjøpe grønsaker direkte frå bonden og ta dei med heim. I kafeen får du kjøpt komla med kjøtt frå Håland.

På aktivitetsdagen skal du få smake på grønsaker i blindtestar, er det for eksempel slik at ulik farge gir ulik smak? Og kva med næringsstoff, kan dei sette smak?

Grnnsaker     +  Kjemi = ?

Bioforsk har eit prosjekt kor dei ser på innhaldet av antioksidantar i tomatar, no vil dei ha deg med på tomattesting. Er det ein samanheng mellom kva publikum likar og innhaldet av næringsstoff?

Kjemi i grønsaker?

Dessutan vil publikum kunne delta i enkle kjemiske testar som gjev ein indikasjon på kva type antioksidantar det er i grønsaker, her skal dei jakte på anticuaniner som ein meiner hjelper mot både kreft og hjartekarsjukdommar.

Kom og opplev ein jærsk grønsaksmarknad som bugnar med flotte råvarer. Kanskje oppdagar du noko nytt med poteta eller tomaten?

Fleire produsenter er med

Produsentane Jone Wiig, Jarle Wiig, Ola Sunde, Aronia, Kôhlerpaviljongen, Kryddergarden, Kåre Wiig/Miljøgartneriet, Tor Rune Gudmestad, Johannes Nærland og Bjarne Bore Salte er alle med denne dagen. Møt dei og lær meir om produkta! I tillegg er UiS, Bioforsk Særheim og Frivillighetssentralen Nærbø med og bidrag til ein smakfull aktivitetsdag.

Velkommen – Vitengarden er open frå klokka 12-17!