Zzzummande biedag

14. juni 2015 12:00
Vitengarden

Sundag 14. juni er det tid for den årlege og særs så zzzzzzummande aktivitetsdagen på Vitengarden.

Bli kjent med biene og humlene – og arbeidet til ein birøktar. Korleis ser ei bikube ut? Kva gjer arbeidarana, dronane og dronninga på ein arbeidsdag? Kl 13, 14, 15 og 16 får du muligheit til å ta på biedrakter og besøka bikubene på Vitengarden. Meld deg på turen i resepsjonen. Her kan både store og små vera med. Er det mykje regn, utgår denne aktiviteten.

Elles på aktivitetsdagen kan du besøka biehotellet, slynga honning og laga vokslys. Fleire produsentar vil vera til stades, både med sal av gode honningprodukt og med råd og fakta om biene og honninproduksjon i Rogaland.

Dagen vert arrangert i samarbeid med Jæren birøktarlag. Vitengarden er open kl. 12 – 17, med bieaktivitetar frå kl. 13.