Vinterferien vier me til kjemi, med fargar, spenning og undring. De kan blant anna bli med på posekjemi, prøva jodklokka eller trylleflaska. I tillegg vil det bli muleg å vera med på familieverkstad “God kjemi i familien” for dei som ønskjer det. Dette vil vera gratis, men ein treng billett.
På Vitengarden er det ein eigen 4H-gard. Her får du treffe og komma tett på hester, gjess, høner, sauer, griser og kyr. På løa kan du hoppa i høyet, og inne på sjølve Vitengarden er det mange utstillingar å utforska. Tørr du gå i den mørke myra? Kor mange hestekrefter har du? Klarer du få lys på traktoren? Kom og prøv!
I kjellaren står utstillinga “Traktorliv”, her får du sjå og høyra lyden av 30 traktorar utstilt, produsert i perioden 1917 – 1957.
Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykker, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!
Velkommen til gards!