Vinterferie på Vitengarden: Du trur det ikkje før du får sjå det!

26. februar - 1. mars
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

Kom og sjå! I vinterferien finn me fram optiske illusjonar, morsomme synsaktivitetar og fargeeksperiment. Bli med på å testa, eksperimentera og erfara mykje forskjellig med synet vårt.

 

Du trur det ikkje før du får sjå det! Og kanskje forstår du kvifor?

 

I tillegg til spennande aktivitetar i utstillinga, kan de bli med på familieverkstad;

(Barn under 12 år må ha med vaksen)

Kl 1300 – laga kaleidoskop (20 kr)

Kl 1400 – dissekera kuauge

Kl 1530 – laga kaleidoskop (20 kr)

 

Ellers på Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Du kan bruka timevis med store og små barn, teste siloheisen, sjå på traktorar, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær og svinga deg i svinghjulet. På garden kan du koma tett på gjess, høner, sauer, griser og kyr. På løa kan du hoppa i høyet.

I kafeen kan du kjøpa deilige jærske skjeva, suppe, lappar, kake og mykje meir.

 

Du kan bestille inngangsbillett til Vitengarden på førehand. Det gjer du her. 

 

Ope sundagar kl. 12-17, måndag – fredag kl. 10-15, stengt laurdagar.