På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Du kan bruka timevis med store og små barn, teste siloheisen, sjå på traktorar, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær eller kjempa mot roboten i ostepakking. På garden kan du treffe og komma tett på hestar, gjess, høner, sauer, grisar og kyr, eller de kan hoppa i høyet på løa. I tillegg har me som vanleg herlege heimebakte rundstykke, suppe, lappar, kake og mykje meir.
Omvising i magasina.
Me ynskjer å opne vårt 2200 kvadratmeter store underjordiske magasin for publikum. Kva skjer med gjenstandane som Jærmuseet får inn ? Bli med på omvising ned under bakken med dei som jobbar med gjenstandane, og få eit innblikk i kva som skjer frå registrering til utstilling. De kan sjå nokre av gjenstandane, både maskinar og reiskapar som er lagra i det underjordiske magasinet.
Gje beskjed i resepsjonen når du kjem om at du/de ynskjer å delta.
Avgrensa med plassar.
Omvising som fortel kva som skjer når Jærmuseet får ein gjenstand og korleis gjenstanden registrerast og lagrast, og sjå på gjenstandane som er lagra i det underjordiske magasinet.
Omvisning sundag 06.03.22:
Kl. 13:00 – 13.45
Kl. 15:00 – 15:45
Bli med på hydraulikk familieverkstad:
Kva er hydraulikk ? Korleis fungerer skufla til ein gravemaskin ? Me brukar eingongssprøyter til å heve og senke ein saksejekk eller troll i kopp. Gje beskjed i resepsjonen når du kjem om at de ynskjer å delta. Pris 50 kr
Familieverkstad sundag 06.03.22:
Kl. 12.15 – 13:00
Kl. 13.15 – 14.00
Kl. 14.15 – 15.00
Kl. 15.15 – 16.00
Pris 50 kr
Du kan bestille inngangsbillett til Vitengarden på førehand. Det gjer du her.