Vinterferie på Vitengarden

Omvisning i det underjordiske magasinet og hydraulikkverkstad for familiar.

27. februar 2022 12-17
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / familie 390 kr

På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Du kan bruka timevis med store og små barn, teste siloheisen, sjå på traktorar, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær eller kjempa mot roboten i ostepakking. På garden kan du treffe og komma tett på hestar, gjess, høner, sauer, grisar og kyr, eller de kan hoppa i høyet på løa. I tillegg har me som vanleg herlege heimebakte rundstykke, suppe, lappar, kake og mykje meir. 

Omvising i magasina. 

Me ynskjer å opne vårt 2200 kvadratmeter store underjordiske magasin for publikum. Kva skjer med gjenstandane som Jærmuseet får inn ?  Bli med på omvising ned under bakken med dei som jobbar med gjenstandane, og få eit innblikk i kva som skjer frå registrering til utstilling. De kan sjå nokre av gjenstandane, både maskinar og reiskapar som er lagra i det underjordiske magasinet.  

Gje beskjed i resepsjonen når du kjem om at du/de ynskjer å delta.  

Avgrensa med plassar.   

Omvising som fortel kva som skjer når Jærmuseet får ein gjenstand og korleis gjenstanden registrerast og lagrast, og sjå på gjenstandane som er lagra i det underjordiske magasinet.  

Omvisning sundag 27.02.22:  

Kl. 13:00 – 13.45 

Kl. 15:00 – 15:45  

 

Bli med på hydraulikk familieverkstad: 

Kva er hydraulikk ? Korleis fungerer skufla til ein gravemaskin ? Me brukar eingongssprøyter til å heve og senke ein saksejekk eller troll i kopp.  Gje beskjed i resepsjonen når du kjem om at de ynskjer å delta. Pris 50 kr

Familieverkstad sundag 27.02.22

Kl. 12.15 – 13:00 

Kl. 13.15 – 14.00  

Kl. 14.15 – 15.00  

Kl. 15.15 – 16.00  

 

Pris 50 kr  

Du kan bestille inngangsbillett til Vitengarden på førehand. Det gjer du her.