Vinterferie på Vitengarden

1. mars 2020 12-17

Er du nysgjerrig på koding /programmering? Har du lyst til å prøve bit:bot eller beebot?

 

Bli med på familieverkstad med programmering av micro:bit.  Klarer du å få bilen til å køyre slik du vil? Familieverkstaden er gratis, men begrensa plassar så du treng billett, som du hentar i resepsjonen. Passar for barn frå 8 år og oppover, saman med vaksen. Varigheit ca 45min.

Kl.slett 1230., 1330, 1430 og 1530

 

I utstillinga finn de fleire programmerings aktivitetar som beebot og bluebot, trappeorgel, programmer ein ven og teikn etter instruksjonar.

 

Utstillinga elles er sjølvsagt ope. Har du lyst til å lafta hus, prøve deg som dyrlege, sjå på traktorane eller konkurrera mot ostepakkeroboten? Kom til Vitengarden. Dyra på garden er som alltid klar for eit besøk og det er mykje høy å hoppa i på løa.

Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykker, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!

Velkommen til gards!