I haustferien har Vitengarden opent måndag – fredag kl. 10 – 15.
Tema for haustferien er ull og tråd. I tillegg til at utstillingane både ute og inne er opne, kan du møta dyra på garden og hoppe i høyet samt vera med på følgjande:
- plantefarging, karding og spinning i heimehuset på garden
- køyre med hest og kjerre
Verkstad:
Kvar dag vil det vera verkstader. Desse må du melda deg på i resepsjonen ved ankomst. Alle verkstadane koster kr. 30,- i tillegg til vanleg inngangsbillett:
- verkstad kl. 12, 13 og 14: lag din eigen leppepomade
- verkstad kl. 12: tov din eigen nøkkelring
- verkstad kl. 13: tov deg ei lommebok/mobiltaske
- verkstad kl. 14: tov deg eit hjarte eller ein traktor
SFO
Kjem du med SFO og vil vera med på verkstad? Me tek imot bestilte SFO-grupper på verkstad kl. 10 og 11. Gje beskjed ved påmelding om de ynskjer verkstad.
Open kafè
Kafèen på Vitengarden serverer ein varmrett kvar dag i haustferien, anten det er deilig suppe, lapskaus eller graut, i tillegg til heimalaga påsmurte rundstykker, pølser, kaker, is og drikke.
Velkommen til gards og kjekke aktiviteter i haustferien!