25. mars 10.00 - 15.00
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø 475,-

Vitengarden inviterer til ein dag fyllt med inspirasjon, kurs og god drøs 25. mars 2017 kl 10.00 -15.00

Program for dagen:

09.45                     Dørene opnast

10.00-10.30       Velkommen, kaffi og frukt

10.30-11.00       Maske på maske rundt Nordsjøen

Om strikketrøyer og koftemønster frå folkedrakt til motebutikk

v/Målfrid Grimstvedt

11.00-11.15       Ullrommet v/ Ingeborg Lura

11.15-12.45       Lunsj, god lokal suppe med ferskt brød

12.45-15.00       Kurs   ( kaffipause ca kl 14.00)

4 forskjellige kurs, velg eit når du melder deg på.

Ullrommet har butikk og sel garnet sitt

Kurs:

– Dobbeltstrikk – like fint mønster på begge sider med speilvendte farger
– Lær å maske sammen og tyrkisk opplegg
– Patentstrikk med ein og  to farger
– Montering av kofter, klypping og stolpekant


Om kursa
Du vel kurs når du meldar deg på dagen i påmeldingslenka nedst på denne sida.
Kurs: Dobbelstrikk
Kurshaldar: Elisebet Rugland
Dobbeltstrikk er ein teknikk der me strikkar med to trådar i to ulike fargar, gjerne med litt god kontrast, samtidig. Fargene blir motsatt på framsida og baksida, og begge sider i arbeidet kan brukast som rettside.Denne typen strikk kan brukast til ting som ein ønskjer skal vera litt tjukke (doble), som  f.eks. sitteunderlag, skjerf, grytekluter. Den kan og brukast til lue og pannebånd.Ta med: Garn i 2 kontrastfarger som passer til pinne mellom 2,5 – 4mm, samt pinne til i strikka på, gjerne rundpinne, evt 2 lange pinner, ull eller bomull.Ein må kunne strikke rett og vrang og kunne lese mønster. Det er ein fordel om ein har strikka med 2 farger før.

Kurs: Patenstrikk i ein og to fargar
Kurshaldar: Karen Eline Blom Kleiberg
Plagg strikka i patentstrikk  vert mjuke og elastiske. Kursdeltagerene treng å ta med garn i to fargar og pinnar som passer til garnet. Om du ynskjer å lære generell einsfarga patentstrikk og/eller halvpatentstrikk  så går det og greit. Då treng du bare ha med garn og passande pinnar.

Kurs: Tyrkisk opplegg og samanmasking
Kurshaldar: Brit Mattingsdal
Ved tyrkisk opplegg får de ein fin og usynlig oppleggskant på arbeid som skal ha tett botn. Putetrekk, kjøreposer, mobiletui o.l.
Ta med: garn som passer til pinne 3-4, samt lang rundpinne (minst 80 cm).
Forkunnskaper: Kunne rettstrikk, fordel dersom du har strikket magic lopp, men ikkje eit krav.
Montering/Maskesting:
Maskesting brukes når ein vil ha fine avslutningar på skuldre, under armer, mellom bein o.l. på arbeid som er strikket i glattstrikk og som ikkje er felt av. Maskesting gir en usynlig saum.
Ta med:
– To lapper på ca 10*10 cm i glattstrikk som ikkje er felt av (behold pinnen på)
– ein kontrastfarge i same tjukkelse som garnet du har strikka lappane i
– Kanavanål (butt stoppenål)
-eventuelt kan du ta med strikk som er klart til å maske saman som du kan få hjelp til etter at vi har lært på lappane.
Forkunnskaper: Kunne strikke glattstrikk

Kurs: Koftemontering, klypping og stolpekantar
Kurshaldar: Else Rugaard

Vi ser på ulike måter å montere kofter og forskjellige typer kanting, knappekant med band eller belegg, glidelås og korleis ein plukker opp maskar langs kantane. Kvir du deg for å sy med maskin og klyppe i strikketøyet, her kan du få hjelp til å kome i gang.

Ta med: Har du ei ferdigstrikka kofte som ventar på montering, ta med symaskin og kofta og få hjelp til å kome i gang med monteringa. Om du ikkje har ei monteringsklar kofte, ha med ein ferdig prøvelapp eller to ( gjerne litt stor, f.eks. 15x15cm) som du kan øve deg på å sy og klyppe i, og plukke opp kantmasker frå. Vi har ein symaskin til låns her, men om du  vil unngå ventetid, ta gjerne med din eigen.

Pris og påmelding
Pris per deltakar er kr. 475,-  Dette inkluderer kurs, lunsj – heimelaga suppe med godt brød, kaffi med noko attåt. Det vil òg vera god tid til eige strikk og drøs så finn fram strikketøyet og  meld deg på ved å følge denne lenka

Grunna at du må velga kva kurs du vil vera med på, kan du kun melde på ein og ein person i skjemaet. For påmelding av fleire personar, fyll ut fleire påmeldingsskjema.

Faktura vert sendt ut på e-post. Påmeldinga er bindande. Kvittering på betaling stadfestar din plass.

Velkommen til strikkedag!