Vitengarden inviterer til ein dag fylt med inspirasjon, interessante presentasjonar, strikking, drøs og god mat, laurdag 15. februar 2025.
Program for dagen:
Kl. 10:00 Velkommen og introduksjon av dagens butikk, Camelias Hus
Kl. 10:30 Pause, tid til drøs, shopping, påfyll av kaffi m.m.
Kl. 11:45 Jord Clothing
Kl. 12:30 Lunsj. Kjempegod suppe med heimelaga brød til.
God tid til drøs, strikking og shopping m.m.
Kl. 13:30 Garnius, designsjef Sigrun Gilje Hindal og designkoordinator Anne Kvalevaag
Kl. 14:15 Kaffi med noko søtt attåt og loddtrekning
Kl. 15:00 Vel heim
Pris
Foredrag + lunsj kr. 495,-.
Påmelding
Kjøp billettar til arrangementet her
Merk at om du har allergiar ber me deg om å sende ein e-post om dette til vitengarden@jaermuseet.no seinast ei veke før arrangementet.
Butikkar:
Camelias Hus er ein 460m2 stor butikk på Ganddal. Dei fører mange merker innan garn, interiør og hobby
Garnius – har ikkje butikk på arrangementet men alle deltakarane vil få ein rabattkode som kan brukast i nettbutikken
Foredrag:
Jord Clothing vart etablert i 2020, av gründerne Frida & Frida. Det starta opp med tidlause oppskrifter for barn, gjerne unisex. Designa er laga for å vare over ein lengre periode, gjerne gå i arv. Oppskrifter til vaksne kjem nå på løpande bånd. Her er det mykje å velge mellom for alt frå nybegynnaren til den erfarne strikkaren.
Garnius – design Kanskje er ditt neste strikkeprosjekt eit Garnius-design?
Me får besøk av designsjef Sigrun Gilje Hindal og designkoordinator Anne Kvalevaag. Sigrun har mastergrad i strikkedesign og vil fortelje om korleis dei arbeidar med å utvikle nye design og har med mange flotte modellar som ein kan sjå nærmare på. www.garnius.no