Tråd på pinnen 9. november 2019
Velkommen til ein gild strikkedag på Vitengarden
0930 – 1000 Velkommen, kaffi, frukt og drøs
1000 – 1200 Kurs med påmelding i forkant eller kafestrikk
1200 – 1300 Lunsj, heimelaga god mat frå kjøkkenet vårt
1300 – 1400 Foredrag v/Annemor Sundbø. Me elsker norske strikkekofter, med lus, ruter og åttebladroser. Men er dei flotte koftemønstrene så heilnorske som me likar å tru? Annemor Sundbø har gått grundig til verks for å finne ut kor dei kjente og kjære koftene våre stammer frå.
1400 – 1500 Kaffistrikk og sosialt drøs
Kursoversikt:
Intarsia strikk
Kursleiar: Gunnhild Marie Hagen
Intarsia strikk, er å strikke med mange fargar på same omgang. Ein strikker fram og tilbake og det blir som å strikke eit bilete. Ingen begrensninger, bare fantasien kan stoppe deg. Enkelte får bilete i hovudet om «totalt kaos og gigantiske vaser» når ein tenkjer på strikk med meir enn 3 fargar. Fortvil ikkje. Kurset vil lære deg ein teknikk kor dei enkelte «nøster» blir holdt på sin plass etterkvart som ein strikker. Du vil og lære korleis du kan strikke med alle fargane utan å få hull mellom kvart fargeskift. Så er det festing av alle trådane? Du vil og lære korleis du kan feste desse undervegs medan du strikker. Ei konkret oppgåve vil bli gitt som det strikkes på, mens vi øver inn teknikken. Ingenting må forberedes i forkant.
Ta med: 10 nøster (rester) i ulike fargar. Garnkvalitet kan godt være ulik men kunne strikkes på pinne størrelse 3.5 mm. Ta med favoritt fargene dine, 10-25 gr. av kvar er nok. Rundpinne 3,5.
Lengde 60 – 80 og saks. Forkunnskap: Legge opp og strikke rettmasker
Max 15 deltakarar.
Strikke sokker frå tåa og opp.
Kursleiar: Monica V. Haga
På kurset vil deltagerne lære å strikke sokker fra tåa og opp. Legge opp masker på tå ved hjelp av «Judy´s magic cast on» Ta ut masker og forme tå. Strikke kile og lage en hælfelling som passer når man strikker fra tå og opp.
Vi vil benytte Magic loop, så ta med ein rundpinne med lang, mjuk vaier, minimum 80 cm. Og garn som passer til. Ta gjerne med en maskemarkør.
Max 15 deltakarar
Strikkemagi – tryllestrikk med triks.
Kursleiar: Annemor Sundbø
Enkel dobbelstrikketeknikk med mangfoldige muligheter, alt fra mini strikk til strikk uten grenser…
Maskotter, ”lommevenn” minidukkeklær.
Målgruppe: Alle
Kursbeskrivelse: Kurset setter strikking og folketro i sammenheng.
Må kunne legge opp og strikke rette masker
Nødvendig utstyr (pinner, garn, annet): Strikkepinner ca. 2,5
Jeg lager kurspakker med garn som er fri, men har med noen ekstra materialpakker for salg til fingrevanter ca. 100 kr.
Max 20 deltakarar
Snorkant (I-cord).
Kursleiar: Else Rugaard.
Har du eit strikkeplagg som vart for vidt i halsen, der framkanten bølger seg eller der ermekantane er slakke. Me ser på forskjellige måtar å strikke kantar på strikkeplagg, og kva som kan gjerast for å rette opp eller unngå bølgete kantar. Passar for dei fleste som kan strikka.
Ta med ein ferdig strikka prøvelapp ca 10x10cm på pinne 3,5 eller større og garn og strømpepinner til å strikke kantar på prøvelappen med. Ta også gjerne med plagg som er «slakke» i kantane, så kan vi saman sjå kva som kan gjerast med dei.
Max 15 deltakarar
Kafestrikk
Det er kanskje nokon som ikkje ønskjer eller får plass til å delta på kurs. Då er det mulig å sitje i kafeen og strikke med sosialt drøs.
Popup butikk
Elins Strikkeri åpna 23.november 2018 på Stadionparken Shopping Senter på Hinna, like ved Jåttåvågen togstasjon. Ho tar med seg Isager Garn, og muligens litt Sandnes Garn og litt fra Rauma Garn.
Pris og påmelding
Pris per deltakar er kr. 495,- Dette inkluderer kurs, lunsj – heimelaga god mat med godt brød, kaffi med noko attåt. Det vil òg vera god tid til eige strikk og drøs så finn fram strikketøyet og meld deg på ved å følge denne lenka: https://www.netigate.se/a/s.aspx?s=795174X195791007X47704
Grunna at du må velga kva kurs du vil vera med på, så kan du kun melde på ein og ein person i skjemaet. For påmelding av fleire personar, fyll ut fleire påmeldingsskjema.
Faktura vert sendt ut på e-post. Påmeldinga er bindande. Kvittering på betaling stadfestar din plass.
Velkommen til strikkedag!