10. november 09.30 - 15.00
Kviavegen 99, Nærbø
Strikkedag

Velkommen til ein gild strikkedag på Vitengarden.

 

0930 – 1000 Velkommen, kaffi, frukt og drøs

1000 – 1200 Kurs med påmelding i forkant

1200 – 1300 Lunsj, heimelaga tradisjonssuppe med god bakst til

1300 – 1400 Foredrag : «Me lever for sauen» v/Anne Jorunn Frøyen

1400 – 1500 Kaffistrikk og sosialt drøs

 

Kursoversikt:

Du kan kun melda deg på eit kurs.

 

Magic loop

Her kan du lære å strikke ermer og sokker på ein lang rundpinne i staden for å bruke strømpepinner. Du lærer også å strikke to ermer på ei gong. Passe for erfarne strikkarar og (tål)modige nybegynnarar.

Kursleiar er Ingeborg Nærland Skjærpe

Ta med lang rundpinne (100- 120 cm) og garn som passer til.

Max 15 deltakarar på kurset.

 

Knapphol

Lær å lage fine knapphol i strikkeplagg. Du lærer fleire forskjellige måtar å lage knapphol på. Passar for alle som kan strikke og har lyst å lære å lage fine knapphol.

Kursleiar er Solveig Lode Knutsen.

Ta med garn til å lage ein prøvelapp og pinner som passer til.

Max 15 deltakarar på kurset.

 

Fine kantar/Snorkant (I-cord).

Har du eit strikkeplagg som vart for vidt i halsen eller der kanten ikkje vart fin. Me ser på forskjellige måtar å strikke kantar på strikkeplagg, og kva som kan gjerast for å rette opp eller unngå bølgete kantar.  Passar for  dei fleste som kan strikka.

Kursleiar er Else Rugaard.

Ta med ein ferdig strikka prøvelapp ca 10x10cm og garn og strømpepinner til å strikke kantar på prøvelappen med. Ta også gjerne med plagg som er «slakke» i kantane, så kan vi saman sjå kva som kan gjerast med dei.

Max 15 deltakarar på kurset.

 

Dobbelstrikk

Mønsterstrikk som er like fint på begge sider men med speilvendte farger. Dobbeltstrikk er ein teknikk der du strikkar med to trådar i to ulike fargar, gjerne med litt god kontrast, samtidig. Passar for deg som har strikka mykje mønster med to fargar.

Kursleiar er Elisebet Rugland.

Ta med garn i to fargar som passar til pinne 2,5 – 4, rundpinne eller 2 lange pinner.

Max 15 deltakarar på kurset.

 

Tilpasse strikkeplagg til eigen kropp

Få tips og ideer til korleis du kan få dine framtidige strikkeplagg til å passe best mulig til din kroppsfasong.  Du lærer litt om fargebruk og «juksefasong»

Kursleiar er Gerd Auestad

Ta eventuelt med noko til å notere på.

Max 20 deltakarar på kurset.

 

Kafestrikk

Det er kanskje nokon som ikkje ønskjer eller får plass til å delta på kurs. Då er det mulig å sitje i kafeen og strikke med sosialt drøs.

 

Popup butikk

Strikkebutikken på Varhaug, Troll i Esken, er med og  sel garn  frå Drops, Sandnesgarn og Vikinggarn. Mulighet for gode kjøp denne dagen.

 

Pris og påmelding
Pris per deltakar er kr. 495,- Dette inkluderer kurs, lunsj – heimelaga tradisjonssuppe med godt brød, kaffi med noko attåt. Det vil òg vera god tid til eige strikk og drøs så finn fram strikketøyet og meld deg på ved å følge denne lenka: https://www.netigate.se/a/s.aspx?s=649740X144836310X38448

 

Grunna at du må velga kva kurs du vil vera med på, så kan du kun melde på ein og ein person i skjemaet. For påmelding av fleire personar, fyll ut fleire påmeldingsskjema.
Faktura vert sendt ut på e-post. Påmeldinga er bindande. Kvittering på betaling stadfestar din plass.

Velkommen til strikkedag!