Ta med sykkelen på tur og bli kjent i Hå!
Start i Nærbøparken mellom kl. 12.00 – 14.00. Her får du sykkelkortet med kart og med spørsmål som du finn svara på langs ruta. Turen går deretter via Vitengarden kor du får vaska sykkelen og teste deg i kjegleløypa. Etterpå er det ned til Vigre, kor du får servert forfriskingar og gode grønsaker. Etter ein liten «pit-stop» er det ned til neste stasjon, som er i Obrestad fyr. Her har speidarane satt opp lavvo og vil læra deg med å laga båtmannsknute og andre knutar. Siste stopp på turen er Hå Gamle Prestegard kor du leverer inn sykkelkortet seinast kl. 16. Grillen står klar. Du får noko godt frå grillen når du leverer inn sykkelkortet. Ta med eigen grillmat i tillegg og kos deg i gardsrommet og i hagen på prestegarden.
Alle som syklar og leverer inn sykkelkortet får noko gratis frå grillen og er med i trekninga av flotte premiar. 1.premie er ein sykkel
Velkommen til sykkeldagen!
Hugs hjelm!
Arrangør: Hå gamle prestegard, Jærmuseet Vitengarden, Frisklivssentralen i Hå og Hå kommune. Arrangementet er støtta av Rogaland Fylkeskommune.