Sykkeldag i Hå

31. mai 2015 Kl. 12.00-14.00
Vitengarden - Nærbø

Bli med på spennande sykkeltur i Hå!

Start frå Nærbøparken mellom kl. 12 og 14. Merka sykkelløype mellom Nærbøparken, Vitengarden Jærmuseet, Vigre, Obrestad fyr og Hå gamle prestegard.

Spennande aktivitetar langs heile ruta. Treng sykkelen din ein vask? Klarer du balansera? Kva veit du om stader du syklar forbi? Korleis lagar du eit krabbesnøre  – og har du fiskelykke? Finn fram sykkelen og bli med på aktivitetane denne dagen, svar på spørsmål langs sykkelruta og bli med i trekning av flotte premiar. 1. premie er eit gåvekort som kan brukast til ny sykkel.

På siste stopp, Hå Gamle Prestegard, får du lage di eiga fiskesuppe og koka den på grillen. Alt du treng til suppa, får du utlevert her. På veg til Hå Gamle Prestegard er det utdeling av frukt og grønsaker.

Sykkeldagen er for alle, store og små. Dette kan du gleda deg til! I tillegg er alt gratis. Hugs hjelm!

Deltakarane går inn gratis på Vitengarden, Obrestad fyr og Hå gamle prestegard.

Arrangør: Hå gamle prestegard, Jærmuseet Vitengarden, Folkehelseprosjektet i Hå, speidaren og Hå kommune