Spor av menneske – aktivitetar på Audamotlandsgarden

1. september 12-16
Vitengarden
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

Audamotland – bli kjent med historia til husa og garden gjennom forteljingar og aktivitetar

Audamotland er ein restaurert gard, her har det budd folk sidan før svartedauden. Ein reknar med at husa som står nå har røter tilbake til 1600-talet. Denne dagen vil det vera mogleg å få sjå seg rundt i dei fleste bygningane på garden. De vil og få sjans til å læra litt meir om byggeskikken.

Me opnar og opp i smia, og det vil vera mogleg å få prøva seg som smed. Her vil det vera begrensa kor mange som kan prøva, og billettar til dette får ein i resepsjonen på Vitengarden.

Me fyrer opp i grua og bileggaren inne i huset. I grua lagar me potetkaker som var vanleg på 1850-talet, kom gjerne innom og smak.

Klokka 13, 14 og 15 kan ein vera med på ei historisk vandring frå garden og ein liten runde ut i Hanabergsmarka. Turen vil mellom anna gå innom bunkeranlegget frå 2. verdskrig og hustuftene frå jernalderen.

Er veret fint er det nydeleg å sitta i hagen. Her vil det mellom anna vera hesteskokasting og lam å kosa med.

 

Det vil vera åpent og aktivitetar frå 1230 til 16, velkommen!