På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Her kan du bruka timevis med store og små barn, besøka dyra på garden, hoppa i høyet, kjenna på orkan i «Blåsten», prøva deg som menneskeleg jojo, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme» eller kjempa mot roboten i ostepakking. Nytt i år er utstillinga «Sauen», der kan ein blant anna prøva seg som veterinær.
Denne veka vil kan du i tillegg til alle dei interaktive utstillingane bli med og bygga figurar av ulike materialar, som td trepinnar. Aktiviteten er kl 12-15.
Alle aktivitetane er gratis når inngangsbillett er betalt.
Kafèen serverer heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er sal av is, kaffe, brus og juice. Vitengarden er og tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.