Sommaraktivitet: Bygg med erter og tannpirkarar

24. juni - 28. juni
Vitengarden
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Her kan du bruka timevis med store og små barn, besøka dyra på garden, hoppa i høyet, kjenna på orkan i «Blåsten», programmera «Vassdansen», finne skattane i den mørke myra eller kjempa mot roboten i ostepakking.

Denne veka kan du i tillegg til alle dei interaktive utstillingane, bygga med erter og tannpirkarar. Klarer du å bygga eit hus? Eller eit høgt tårn? Koss må du bygga for å få det stabilt?

Aktiviteten er kl 12-15.

Alle aktivitetane er gratis når inngangsbillett er betalt.

I kafeen kan du kjøpa heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er og sal av is, kaffe, brus og juice og mykje meir. Vitengarden er tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.