Potetferie på Vitengarden

10. oktober - 14. oktober
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

Potetferie på Vitengarden  

Opprinneleg var haustferien ein potetferie. Ungane hjalp til med potetopptaket på garden. Dette vil me at dagens ungar og skal få væra med på. På Vitengarden blir det heile veka ulike aktivitetar knytta til potet. Visste du at poteta er ein av basismatvarene i kostholdet kan vera ein del av løysinga på fleire av FNs bærekraftsmål? Den er næringsrik og kan bidra til god helse for fleire mennesker, i tillegg er den svært brukarvenleg, rimeleg og bra for miljøet.

 

Aktivitetar du kan væra med på:

  • Steike potetkaker i gamlehuset på garden
  • Ta opp eigne poteter som du og kan kjøpa
  • Steike poteter på bålpanne i urtehagen
  • Potettrykk på handlenett, kr 30
  • Potetkviss

På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Du kan bruka timevis med store og små barn, teste siloheisen, sjå på traktorar, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær og svinga deg i svinghjulet. På garden kan du du treffe og komma tett på hester, gjess, høner, sauer, griser og kyr. På løa kan du hoppa i høyet.

I kafeen kan du kjøpa pølse og potetstappa, suppe, lappar, kake og mykje meir.

 

Du kan bestille inngangsbillett til Vitengarden på førehand. Det gjer du her.