Aktivitetsdag: Mjølkefeber!

1. november 2015 12:00 - 17:00
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Korleis får me skilt ut fløyten frå mjølka og korleis lagar ein smør ? Sundag 1.november er det mjølk og produkt laga av mjølk som er i fokus på Vitengarden, då det er aktivitetsdagen «Mjølk og kjemi».

Aktivitetar:

  • Separering av mjølk
  • Kinning av smør
  • Møt mjølkekua på garden
  • Smaksprøver av gome
  • Smaksprøver frå TINE Jæren med fokus på ost

Besøk til TINE meieri

Lurer du på koss det største meieriet i Norge ser ut? TINE sitt meieri ligg eit par kilometer frå Vitengarden, i Kviamarka. Søndag kl. 13.30 går det buss frå Vitengarden med omvisning på TINE Jæren sitt meieri. Bussen går i retur til Vitengarden kl. 15.30. Vil du vera med på bussturen? Meld deg på i resepsjonen når du kjem til Vitengarden. Begrensa med plasser, og første mann til mølla.

Velkommen til mjølk og kjemi – og mjølkefeber!