Me held med ujamne mellomrom opne lærarkurs om elevar med stort læringspotensial.
Tidspunkta blir annonsert her.
Modul 1 – Elevar med stort læringspotensial
Ein stor del av elevgruppa med stort læringspotensial blir seint eller aldri identifisert.
Modul 1 har fokus på kva som kjenneteiknar desse elevane – både positive og negative kjenneteikn.
Me går óg gjennom dei seks psykologiske profilane for elevar med SLP: Kva for nokre likskapar og forskjellar har dei, beste tilnærming osv.
Korleis me kan og bør kartlegge elevar for å finne dei som har stort læringspotensial.
Modul 2 – Tilpassa opplæring for alle – også dei med stort læringspotensial
Modul 2 handler om tilpassa opplæring i eigen praksis. Det hjelper lite å idenfisere elevar med stort læringspotensial, viss me ikkje har tenkt å gjøre noko med den informasjonen.
Me skal sjå på korleis me kan gå frå å gje låge kognitive oppgåver til høge kognitive oppgåver, og syner nokre verktøy som vil hjelpe alle elevar med å nå høgare opp på Blooms taksonomi.
Fokuset er ikkje bare elevar med stort læringspotensial: Me går inn på konkrete og enkle metodar som gjør det lettare å ta omsyn til alle elevane i klassen, fra lågt presterande til dei med stort læringspotensial.
Me har fokus på at metodane ikkje skal bety mye meirarbeid for læraren.
Me kan og eigne (gratis!) kurs for skular/kommunar/nettverk m.m. Ta kontakt om din skule/kommune er interessert i dette.
Prosjektleiar: Marianne Hægstad Risdal, tlf 95033139, epost mhr@jaermuseet.no
For å finne ut meir om Talentsenter i realfag, gå til hovudsida om Talentsenteret.