Aktivitetsdag: Det viktige matkornet

25. september 2022 12-17
Vaksen 140 kr / barn 75 kr / familie 380 kr

Kornkrisa er noko som det blir snakka meir og meir om i media. Vitengarden ønskjer å setta fokus på det viktige matkornet, bruken før og no og viktigheita av korn opp gjennom tidene.

  • Tust og drøftetrau, prøv om du klarer skilja kornet frå resten av akset
  • Treskeverk, sjå korleis dette fungerer
  • Maling av korn, du kan sjølv prøva ei handkvern og sjå ei større kvern
  • I gamlahuset kan du få smaka vassgraut
  • Du kan få laga halmpynt av halmrestane etter treskinga
  • Skjera korn og laga kornband, dette kan de ta med heim til fuglane

Utstillinga inne og ute er ope som vanleg og dyra på garden vil gjerne ha besøk.

Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykker, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!

Velkommen til gards!