Har du lyst å lage mat ute i naturen, og kanskje noko meir enn pølser i pølsebrød? I forbindelse med vinterferien gir Vitengarden deg idear til kva som passer å lage med familie og venner på tur. Her får både store og små vera med å laga maten; og erfare kor enkelt det er å lage god og variert mat ute i naturen.
På uteplassen vert det laga havregrynsaftsuppe og pinnebrød med kanel og sukker. Dette kan alle vera med på og smaka på.
I tillegg kan de vera med på ein trerettar i skogen. Der lager me kyllingsuppe, fiskebombe og lappar. Det vert og servert kaffi og saft. Billettar til opplegget i skogen kan ein kjøpe for 50 kr per pers i resepsjonen. Her er det plassbegrensing, så ver ute i god tid dersom de ynskjer å vera med.
Vitengarden har opent fra kl. 12-17, med aktivitetrar frå 13-16.
Velkommen til gards!