Kodedag med gratis inngang

25. september 2021 10:00 - 13:00 og 14:00 - 17:00
Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Gratis

Er du interessert i programmering, eller kunne tenkt deg å læra litt meir om kva det er? Då er Kodedagen for deg og din familie.

Me på Vitengarden inviterer, i samarbeid med Equinor Morgendagens heter, til Kodedag med gratis inngang laurdag 25. september.

Kva kan du få vera med på denne dagen?

  • Makecode arcade verkstad, ideelt for dei mellom 10-15. Lag eit spel som du kan prøva ut på ein god gamaldags arkademaskin (kun ledige plasser kl. 10.15)
  • Superbit, for barn i alderen 8-12. Programmer ein liten robot til å køyra slik du vil (fullbooka)
  • Bee-bot, ei lita robotbie som ein ved hjelp av knappar programmerer til å køyre dit ein vil. Perfekt for dei yngste.
  • Programmeringsroboten vår står klar. Klarer du programmera han til å laga ditt byggverk?
  • Programmer ein ven, klarer du få han gjennom løypa?
  • Programmerbar kunst, for å få ein robot til å gjera det du vil er det viktig med nøyaktige kommandoar. Kan du ved hjelp av dei rette kommandoane få nokon til å teikne slik du ser biletet?

I tillegg til alt dette er utstillingane både ute og inne opne, dyra på garden er klar for eit besøk og kafeen sel mat, drikke, kaker og is.

Grunna smittevern, og for at flest muleg skal få oppleva Kodedagen, har me delt dagen i to tidspunkt. Du kan velga å bestilla tid kl. 10.00 – 13.00 eller kl. 14.00 – 17.00. Plass MÅ reserverast i lenka nedanfor. Merk at om du og ditt/dine barn ynskjer å delta på Makecode arcade eller Superbit, bestiller du plass til dette også i skjema.

Påmeldingskjema til kodedagen. 

Velkommen til ein gild kodedag med masse aktivitet på Vitengarden!