Denne søndagen vil du garantert kome i julestemning. I løpet av dagen kan du vera med på desse aktivitetane:
- Juleverkstad der me lagar enkel julepynt og honninglys
- Fletting av julekorger; frå dei enkle til dei med meir avansert mønster. Ekspert Njål Sikveland er med og viser koss dette skal gjerast. Bli gjerne med å pynt Vitengarden sitt juletre som står i utstillinga.
- Spikking på garden
- Hopping i høyet og møte med dyra
- Kjøring med hest og kjerre
- Servering av gløgg og kromkaker i gamlehuset på garden
- Smaksprøver på ulike julekaker:
- Goro
- Hjortetakk
- Smultringer
- Flattbrød
Det blir sal av grøt i kafeen og i butikken kan du finne gilde gaver til venner og kjente, både store og små.
Vanleg inngangspris. Eit par av aktivitetane kostar kr. 20 å vera med på.
Dagen blir arrangert i sarbeid med vennelaget til Jærmuseet.
Velkommen til gards!