13. oktober 12-17

Haustferien vil me bruka til å visa dykk ulike måtar å bevara frukt, bær og grønsaker. Dette heiter konservering og kan blant anna vera både søtt og surt.

  • Familiematverkstad der de får vera med og læra om og konservera frukt/bær og grønsaker. Dette treng ein billett til og kostar 50 kr ekstra
  • Konserveringskviss
  • Småforsøk kring konservering

På Vitengarden er det ein eigen 4H-gard. Her får du treffe og komma tett på hester, gjess, høner, sauer, griser og kyr. På løa kan du hoppa i høyet, og inne på sjølve Vitengarden er det mange utstillingar å utforska. Kva feiler sauen? Prøv deg som veterinær. Kor mange hestekrefter har du? Klarer du få lys på traktoren? Kom og prøv!

I kjellaren står utstillinga «Traktorliv», her får du sjå og høyra lyden av 30 traktorar utstilt, produsert i perioden 1917 – 1957.

Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykker, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!

 

Velkommen til gards!