NB! Kun denne sundagen i haustferien er gratis inngang.
Hausten er tida for å nyta dei gode norske grønsakene. Eller er kanskje det du vil kalla grønsak eigentleg ein frukt?
Aktivitetar denne veka:
- Smaksprøver på grønsaker, både rå og kokte
- Blindtest av grønsaker
- Kviss
- Bygge grønsaker i Lego
Familieverkstad:
- Lag din eigen grønsaksjuice
- Blindtesting av juice
- Kl. 1230, 1330, 1430 og 1530 – kjøp billett i resepsjonen (50 kr pr familie)
Og som alltid kan du på garden møte kyr, sauer, gris, gjess og høns, og i utstillingane inne og ute får du bli betre kjent med mat, teknologi, landskap og jordbruket på Jæren.
I kafeen er det sal av suppe, pasta, påsmurt, kaker og lappar og mykje meir.
Velkommen til gards! Denne sundagen er det gratis inngang på Vitengarden