Haustferie med matavfall, dyrefis/gass

10. oktober 2016 - 16. oktober 2016
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Dette er ei veke som handlar om fis, bæsj og gass. Har du noko aning om kor mykje drit som blir bæsja ut kvar einaste dag på jæren? Bæsj er ikkje bare drit, du kan faktisk kjøra ganske langt med den på tanken.

Dette kan du få vera med på i haustferien:

Test gasstraktoren ute i løypa vår.

Gassverkstad, bli med å lær om biogass.

Kan du ein fisevits? Me samlar inn vitsar og tar lydopptak av dei.

Koss ser den perfekte bæsjen ut? Kan du teikna den?

Klarer du å gjette kven som har bæsja?

I kafeen vert det sal av ein varm rett, påsmurt og kaker/lappe.. Utstillingane er opne både ute og inne.

 

Velkommen til gards.