Haustferie på Vitengarden

11. oktober - 15. oktober
Vaksen 140 kr / barn 75 kr / familie 380 kr

Velkommen til Vitengarden i haustferien.  

I år er temaet: Sukker. Kva er sukker ? Kor gøymer sukkeret seg ? Kva inneheld minst sukker av iste eller brus ? I haustferieveka kan de utforske sukker i delar av utstillinga på Vitengarden, det blir quiz, og me lagar is og karamellar.

Tidspunkt:

Fløytekaramellar: klokka 12.00 og 13.30. Pris 50 kr pr. familie.

Heimelaga is: klokka 12.00, 13.00 og 14.00. Gratis.

Hugs å melda dykk på i resepsjonen når de kjem! Fløytekaramellar har plass til 5 familiar, og heimelaga is har plass til 25 personar.

På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Du kan bruka timevis med store og små barn, teste siloheisen, sjå på traktorar, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær og svinga deg i svinghjulet. På garden kan du du treffe og komma tett på hester, gjess, høner, sauer, griser og kyr. På løa kan du hoppa i høyet.

I kafeen kan du kjøpa deilige jærske skjeva, suppe, lappar, kake og mykje meir.

 

Du kan bestille inngangsbillett til Vitengarden på førehand. Det gjer du her.