Hagefuglteljing på Vitengarden

31. januar 2021 12-17
Vaksen 140 kr / barn 75 kr / familie 380 kr

Denne sundagen har me ekstra fokus på hagefuglane.

 

Norsk ornitologisk forening arrangerer hagefuglteljing helga 30.-31.januar.

Kva for nokon fuglar ser du ved matestasjonen vår på Vitengarden? Fyll ut skjema, lever i resepsjonen og bli med i trekning av fine premiar.

 

Bli med å laga fuglemat mellom kl 1230 og kl 1430. Fuglematen kan du ta med heim og hengje opp ein fin plass. Kva for nokre fuglar får du besøk av der?

Les meir om Hagefuglteljinga her

 

Utstillinga elles er sjølvsagt ope. Prøv deg som dyrlege, lag gass i biogassen, hopp i høyet og hils på dyra.

 

Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykker, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!

Velkommen til gards!