Grønsaksglad haustferie på Vitengarden

7. oktober - 11. oktober
Vitengarden
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

Hausten er tida for å nyta dei gode norske grønsakene. Eller er kanskje det du vil kalla grønsak eigentleg ein frukt?

Aktivitetar denne veka:

  • Smaksprøver på grønsaker, både rå og kokte
  • Blindtest av grønsaker
  • Kviss
  • Bygge grønsaker i Lego

Familieverkstad:

  • Lag din eigen grønsaksjuice
  • Blindtesting av juice
  • Kl. 1130, 1230 og 1330 – kjøp billett i resepsjonen (50kr pr familie)

 

Og som alltid kan du på garden møte kyr, sauer, gris, gjess og høns, og i utstillingane inne og ute får du bli betre kjent med mat, teknologi, landskap og jordbruket på Jæren.
I kafeen er det sal av suppe, pasta, påsmurt, kaker og lappar og mykje meir.
Velkommen til gards!