Aktivitetsdag: Fugledag

15. mai 12.00-17.00
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Bli med på fugledag på Vitengarden!

Her blir det fuglekasseverkstad utanfor kafeen (kr. 100,- og du kjøper billett i resepsjonen). Ein kan gjerne vere fleire saman om å lage ein fuglekasse.

Det vert ringmerking av fuglar (veravhengig). Tidspunkt blir annonsert på høgtalaranlegget gjennom dagen.

Norsk Ornitologisk forening Rogaland har stand i utstillingshallen med fuglequiz.

Alle utstillingane på Vitengarden er opne og i kafèen vert det sal av suppe, påsmurt, kaker og lapper.

Velkommen til gards!