Eggande aktivitetsdag

14. april 2019 12-17

Tradisjonen tru så inviterer Vitengarden til ein innhaldsrik og gild aktivitetsdag, Palmesundag. Dette er ein av dei mest populære aktivitetsdagane gjennom året.

•Har du lyst å koka påskeegg, kan du gjera det i benkane i SNU
•Biogassutstillinga «Mykje lort og mykje varme» er open.
•Me har fått kopplam på garden.
•Alle som vil kan vera med og mala påskeegg
Me har opna utstillinga SNU etter vinteren

I tillegg til alt dette har me gøymt 50 påskeegg rundt om på området, er du den heldige som finn eit? For dei som vil vera med på litt ekstra blir det slakting av kylling i tunet på garden. For at alle skal få muligheit til å bli med, slaktar me kl. 13, 14 og 15.

Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykker, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!

Velkommen til gards!