Eggande aktivitetsdag og SNU-opning

9. april 2017 12.00-17.00
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Tradisjonen tru så inviterer Vitengarden til ein innhaldsrik og gild aktivitetsdag, Palmesundag. Dette er ein av dei mest populære aktivitetsdagane gjennom året.

•Me opnar SNU etter vinteren, og serverer påskegløgg i benkane ute
•Biogassutstillinga «Mykje lort og mykje varme» opnar for første gong for publikum
•Me har fått kopplam på garden
•Alle som vil kan vera med og mala påskeegg
•Har du lyst å koka påskeegg, kan du gjera det i urtehagen

I tillegg til alt dette har me gøymt 50 påskeegg rundt om på området, er du den heldige som finn eit? For dei som vil vera med på litt ekstra blir det slakting av kylling i tunet på garden. For at alle ska få muligheit til å bli med, slaktar me kl. 13, 14 og 15.

Palmesundag markerer også sesongopning for Vitengarden si utandørsutstilling, SNU. Stå i orkan, prøv deg som menneskeleg jojo eller utforsk alle eksperimenta med vatn.

Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykker, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!

Velkommen til gards!