Tradisjonen tru så inviterer Vitengarden til ein innhaldsrik og gild aktivitetsdag, Palmesundag. I tillegg til alle aktivitetane du normalt kan oppleva på Vitengarden, kan du også bli med på følgjande denne dagen:
- Maling av egg
- Slakting av kylling på garden kl. 13, 14 og 15
- Lemminga er i gang og me har kopplam på garden
- Sesongopning av utandørsutstillinga SNU
I tillegg til alt dette har me gøymt 50 påskeegg rundt om på området, er du den heldige som finn eit?
Utstillinga inne og ute er ope som vanleg og dyra på garden vil gjerne ha besøk.
Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykker, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!
Velkommen til gards!