Aktivitetsdag: Teknikkens dag

22. mai 2022 12.00 - 17.00
Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Endelig kan me arrangere denne dagen igjen. Dette er dagen med fokus på motorbrøl, metall, teknikk og teknologisk utvikling.

Premiere på nytt eksperiment: Vassdans – test ut korleis du kan programmera 5 ulike soner med vatn i ein fontene. Klarar du å gå tørrskodd gjennom etter at du har valgt program?

Me finn fram maskinar frå Jærmuseet sine samlingar og prøvar å få start på desse:

  • Mogul, ein traktor frå 1917
  • Sandbekken, ein stasjonær motor
  • Wankelmotor

Ope i vårt nye underjordiske magasin som nå innheld ein god del ulike eldre jordbruksmaskinar. Traktorliv, ei utstilling med bare eldre traktorar er og ope.

Veteran speedwaysyklar – fleire ulike syklar vil bli vist fram. Sykkelen som John Ødegård vart europamester på i 1970 vil og vera her. Utstilling med to stk moderne små speedway.

HTM – Klubben har som formål å spre interesse, kunnskap om og ferdighetar i tidligare tiders handverk / kunsthandverk innanfor tre og metallarbeid. Dei kjem nokon av sine miniatyrmotorar og viser sitt arbeid.

Georg Pollestad – kjent for å lage munnspel. Vil syne korleis dette blir gjort.

Felleskjøpet tar med seg ein av dei nyare store traktorane. Her kan ein tydelig sjå utviklinga som har skjedd frå ein av våre eldste traktorar frå 1917 til 2022.

I vårt nyopna insektsvenlege blomsterbed har me planta ulike vekstar som har ulik blomstringstid, på denne måten får dei ulike insekta tilgang til nektar og pollen over ei lengre tid. Slik kan me på Vitengarden bidra til å gi til dømes humler, bier og sommarfuglar god tilgang til nektar og pollen, samstundes som dei bidreg til pollinering. Kanskje er det ei plante her som du og kan ha i din hage? Her kan du og laga ditt eige insektshotell som du kan ta med deg heim og plassere i bedet eller i hagen.

Alle utstillingane på Vitengarden er opne og i kafèen vert det sal av suppe, påsmurt, kaker og lapper.

Velkommen til gards!