Hausten er, som namnet seier, tida då me haustar. Me haustar både frukt, bær og grønsaker. Hjå oss kan du denne dagen vera med og både hausta, smaka og konservera. I tillegg er dette tida då me slaktar lamma som skal bli til nydelege rettar som fårikål og pinnekjøt. I dag kan du få vera med og sjå korleis dei slakta på gardane før i tida.
Bli med på ulike aktivitetar som både vil gje læring og ikkje minst smaksoppleving:
- Bli med i potetåkeren og ta opp potet/eple. Du kan kjøpa potetene du har tatt opp.
- Lag mat med potet/eple som nyleg har kome opp av jorda.
- Saueklypping med maskin
- Slakting av sau på garden
- Studer innvollane til sauen saman med vår pedagog
- Smaksprøve på blodkomla og rabarbragraut
- Smak på saueføter og sjå korleis det blir tilberedt
- Spinn tråd av saueull
- Lag syltetøy og ta med heim (20 kr)
I kafeen er det sal av komla, i tillegg til god lokal suppe, pasta, påsmurt, kaker og lappar.
Pris for komletallerken stor: 190 kr, liten 140 kr.
Utstillingane er opne både ute og inne.
Velkommen til gards!