Aktivitetsdag: Programmering

29. januar 12:00-17:00
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr
Er du interessert i programmering, eller kunne tenkt deg å læra litt meir om kva det er? Då er denne aktivitetsdagen for deg og din familie.
Kva kan du få vera med på denne dagen?
Micro:bit-orkester
Her skal du programmere ein micro:bit til å kontrollere eit av instrumenta i micro:bit-orkesteret.
Bee:bot
Programmering for barn frå 4 år og oppover, der de skal få ei bie til å bevega seg i eit gitt mønster og få ei forståing for kva prorammering er.
Trafikklys
Du får lage ein kode i micro:bit for å få dei ulike fargane i trafikklyset til å lyse i rett rekkefølge.
Fjernstyrte bit:bot
Her kan de kjøre bit:boten i ei løype med ferdigprogrammert micro:bit, eller laga koden sjølv.
Trappepiano
Om lyssensoren på dei ulike trappetrinna vert brytt, får man ulik tone. Klarer du spela «Lisa gikk til skolen?»
Programmer ein venn
Du bruker kommandokort til å styre ein venn gjennom ei løype. F.eks «Ta 4 skritt fram», «Snu 180 grader»
Teikn etter instruksjon
Her får du øve deg på å bruke nøyaktige instruksjonar/koder for at resultatet skal bli rett.
Det vil òg bli familieverksted i Arcade. Dette må du reservere billetter til i resepsjonen ved ankomst.
I tillegg til alt dette er utstillingane opne, dyra på garden er klar for eit besøk og kafeen sel mat, drikke, kaker og is.
Inngangsbillett: Kr. 75 for barn / kr. 140 for vaksne / kr. 390 for maksibillett. Har du Jærmuseet sitt årskort eller frikort frå skule
så kan dette nyttast.
Velkommen til ein gild programmeringsdag med masse aktivitet på Vitengarden!