Aktivitetsdag på Audamotland og sykkeldag

27. mai 2018 12-17

Audamotland – bli med inn å sjå korleis det ser ut på garden.

Folka flytta frå garden etter svartedauden i 1349. Han låg aude til folk flytta tilbake på slutten av 1500-talet. Tunet blei flytta, det me ser i dag kan vera frå slutten av 1700-talet. Heimehuset er eit jærhus med to stover og kammers. Stova mot sør, eller bua som ho også blir kalla , er eldst. Flyttemerkene på tømmeret syner tydeleg at ho er flytta. I ein takbjelke, i bukammerset er årstalet 1654 rissa inn. Stokkane i denne stova og kammerset er lafta med raulandslaft. I den nordre delen av huset (stova, kammers, kjøkken og gang) er det brukt sinklaft i stokkane. Ein lafteteknikk som fyrst blei vanleg på 1800- talet.

Denne dagen opnar me opp alle hus slik at ein kan gå inn å sjå korleis det er blitt etter at garden er blitt satt i stand. Det vil vera aktivitetar i hagen og i fjoset.

Bli kjent med smådyr som lever i vatn. Bruk mikroskopet og sjå dei på nært hold. Klarer du å finne ut kva det er du ser på?

Historia til Audamotland og restaureringa som er gjort, me opnar opp alle hus slik at du kan sjå deg rundt om. Lars Ødemotland vil vera tilstades og fortelja om livet og historia til garden.

Me fyrer opp i grua og bileggaren. I grua lagar me vassgraut som var vanleg på 1850-talet, kom gjerne innom og smak.

Kafe, set deg ned og nyt ein kaffi og noko attåt. Er veret fint er det nydeleg å sitje i hagen. Her vil det bli satt opp eldre leiker som krokkett, hesteskokasting m.m.

 

Ta med sykkelen på tur og bli kjent i Hå!

Start i Nærbøparken mellom kl. 12.00 – 14.00. Her får du sykkelkortet med kart og med spørsmål som du finn svara på langs ruta. Turen går deretter via Vitengarden og ned til Audamotland. Her er det stopp i tunet og ei oppgåve som du skal løyse, samt smaksprøve på vassgraut. Bli gjerne med på fleire aktiviteter her. Etterpå er det ned til Vigre, så vidare til Obrestad fyr for å løyse eit spørsmål. Siste stopp på turen er Hå Gamle Prestegard, her skal sykkelkortet leverast inn før kl. 16.00. Monica Herredsvela frå Symesterskapet viser og lærar oss korleis ein kan bruka innerslange frå ein sykkel. Lag eit smykke, øyrepynt, ring eller bruk fantasien og lag noko frå dagens sykkeltur. Tips: Pakk sekken med ei god nistepakke eller litt grillmat, på Hå gamle prestegård er det varme griller.

Alle som syklar og leverer inn sykkelkortet er med i trekninga av flotte premiar. 1.premie er eit gavekort på 4000,- som kan brukast på ein ny sykkel.

Velkommen til sykkeldagen!

Hugs hjelm!

Arrangør: Hå gamle prestegard, Jærmuseet Vitengarden, Frisklivssentralen i Hå og Hå kommune. Arrangementet er støtta av Rogaland Fylkeskommune.