Vitengarden har dei siste åra arbeida med å dokumentera sauehaldet i vår region. Nå er me klar til å invitera dykk med på dette. I utstillinga får du eit innblikk i heiasjefanes liv, sauens dag, rarietetar frå notid og fortid knytt til sauen, samt du kan prøva deg som veterinær.
Aktivitetar denne dagen:
Småfeklinikk: Klarer du å finne ut kva sjukdom sauen har?
Kva gjenstander er blitt brukt som kan fortelja noko om drift og livet med sau?
Aktivitet: Kom å bli med å tov eit sitjeunderlag med ull som kjem direkte frå sauen.
Aktivitet: Prøv å karde ulla og spinn deg ein liten tråd.
På garden er det både sauer, lam og kopplam som du kan besøke. I tillegg til å helse på grisen, kyr og hoppe i høyet.
Kafeen serverer lammefrikassé, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!
Velkommen til gards.