Aktivitetsdag med dyrefis, bæsj og gass

9. oktober 2016 12 - 17
Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Bæsj er ikkje bare drit, det er også kjemi og biologi, matte og fysikk!

Har du noko aning om kor mykje drit som blir bæsja ut kvar einaste dag på Jæren? Bæsj er ikkje bare drit, du kan faktisk kjøra ganske langt med den på tanken.

Dette kan du få vera med på denne dagen:

Test gasstraktoren, ute i løypa vår.

Gassverkstad, bli med på å læra om biogass.

Kan du ein fisevits? Me samlar inn slike vitsar.

Koss ser den perfekte bæsjen ut? Kan du teikna den?

Klarer du å gjetta kven som har bæsja?

Denne dagen blir det anledning til å få omvisning i IVAR AS sitt nye biogassanlegg på Grødaland. Det blir sett opp biogassbuss som går frå Vitengarden kl. 13.00 og er tilbake ca. 14.30. Det er 50 gratis billettar tilgjengelige og desse får ein i resepsjonen. Her er det første mann til mølla.

I kafeen vert det sal av ein varm rett, påsmurt og kaker/lappar. Utstillingane er opne både ute og inne.

Velkommen til gards.