Vinterferie: Kokkar i friluft

27. februar 2017 - 3. mars 2017
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Har du lyst å lage mat ute i naturen, og kanskje noko meir enn pølser i pølsebrød? I vinterferien gir Vitengarden deg idear til kva som passer å lage med familie og venner på tur. Her får både store og små vera med å laga maten; og erfare kor enkelt det er å lage god og variert mat ute i naturen.

På uteplassen vert det laga havregrynsaftsuppe og pinnebrød med kanel og sukker. Dette kan alle vera med på og smaka på.

I tillegg kan de vera med på ein trerettar i skogen. Der lager me kyllingsuppe, fiskebombe og lappar. Det vert og servert kaffi og saft. Billettar til opplegget i skogen kan ein kjøpe for 50 kr per pers i resepsjonen. Her er det plassbegrensing, så ver ute i god tid dersom de ynskjer å vera med.

Vitengarden har opent fra kl. 10-15, med aktivitetrar frå 11-14.

Velkommen til gards!