Aktivitetsdag: Koding / programmering

17. november 2019 12-17

I samarbeid med Equinor Morgendagens Helter, inviterer me til

ein dag fullt med programmering og koding på programmet.

Det er gratis inngang heile dagen og dette kan du bli med på:

 

Beebot

Prøv og programmer bia til å bevege seg slik du vil! Beebot passer for dei minste barna, frå fire år og oppver.

 

Familieverksted med Micro:bit

Programmering av ein liten bil, bit:bot. Her får heile familien vera aktive og læra ein ny aktivitet saman. Det vil vera fire verkstader i løpet av dagen, meld på din familie i resepsjonen.

 

Programmer ein venn

Bruk kommandokort til å styre vennen din slik du vil eller gjennom ei løype.

 

Robotane på Vitengarden

Denne dagen kan du få litt ekstra hjelp til å programmere Vitengarden sine robotar. Og kanskje får vi gang på «Ole» – den første lakkeringsroboten.

 

Neopixel

Neopixel er lange rekker med LED-lampar som kan programmerast til å gje ulike fargar, blinke med meir.

 

Trappepiano

Med sensorer og høytalar vil trappetrinna lage ulike tonar. Test trappepianoet og lag din eigen melodi.

 

#AlexisTheRobot

Vi får besøk frå Robotic Innovation.

Dei har med seg #AlexisTheRobot.  #AlexisTheRobot er ein serviceassistent som kan vise vei på åtte ulike språk. Kor vil du gå? Trykk på skjermen og sjå om den finn riktig sted.

 

Traktor med GPS

Felleskjøpet Rogaland Agder kjem med ein traktor med GPS-styring. Kan traktoren kjøre heilt sjølv?

 

Teikn etter instruksjonar

Trur du me teiknar heilt likt? Ein strek opp og ein bue til venstre – kva blir det? Bli med å teikne!

 

Heile dagen vil kafèen vera open. Her vert det servert varme og kalde retter, is, brus og mykje anna godt!